Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Flåm

— arkivert under:

Flåm Marina & Appartement, tlf.: 57 63 35 55/ 90 60 95 23 www.flammarina.no

Flåm

Flåm Marina & Appartment

Flåm

Rallarvegen . Foto: www.rallarvegen.com

Flåm

Flåmsbana. Foto: Nrk

Flåm og Flåmsdalen

Bygda Flåm og Flåmsdalen, som til saman utgjer Flåm sokn, ligg i inste enden av Aurlandsfjorden. Frå å vere ei nokså typisk vestlandsbygd med større og mindre gardar, husmannsplassar og stølar, har bygda utvikla seg til det ein kan kalle ein turistmagnet. Dette skuldast i stor grad opninga av Bergensbana i 1909, og Flåmsbana i 1940.

Rallarvegen

Rallarvegen kom til som resultat av bygginga av jernbanen mellom Bergen og Christiania (Oslo) i perioden 1894 til 1909. For å kunne byggje jernbanelina var det behov for anleggsvegar frå bygdene og opp på fjellet. Rallarvegen strekker seg frå Haugastøl til Myrdal, om Flåm og til Voss. På det høgste ligg vegen på 1300 moh. Dei som bygde jernbanene i Noreg vart kalla "rallarar", noko som seinare gav namn til vegen. På det meste var om lag 2400 personar i arbeid på Bergensbanen.

I 1974 vart Rallarvegen opna som sykkelveg, men interessa for bruken tok seg fyrst opp på slutten av 1980-talet. Etter dette har sykkelruta vorte eit populært ferietilbod, nytta av om lag 20 000 syklistar årleg. Rallarvegen står i dag som eit godt døme på anleggsmetoden ein nytta tidleg på 1900-talet, med intakte murar og bruer frå anleggstida.

 

Flåmsbana

Flåmsbana går gjennom mektig vestlandsnatur med bratte fjellsider, fossar og elver. Togstrekninga er ein av dei best besøkte turistattraksjonane i Noreg. Bana kom til då det under bygginga av Bergensbana vart bestemt at det skulle byggjast ei sidebane frå denne og ned til Sognefjorden. Fyrst i 1916 vart det bestemt at traseen skulle gå frå Myrdal til Flåm. Denne sidestrekninga hadde ei lang anleggsfase frå 1923 til 1946. Grunna det steile terrenget måtte det byggast tunnelar på heile 1/3 av den totale strekninga. Ras og ulukker i samband med bygginga av bana var ikkje uvanlege hendingar gjennom desse åra.

Bana har vore i drift sidan 1941, og er i dag mest å rekne som ei regulær turistrute. I den gamle stasjonsbygningen ligg Flåmsbanemuseet med utstillingar om jernbanehistoria, og gjenstandar frå anleggstida.

Side-alternativer