Søk etter løype:





 

Kystled Nærøyfjorden - Verdsarvleden i Aurland kommune

Opplev Nærøyfjorden i tradisjonsbåt! For folk som ferdast langs fjorden med robåt, seglbåt, kajakk eller kano har Indre Sogn Kystlag skapt eit nettverk av overnattingsstader langs Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Dette nettverket kallast Kystled Nærøyfjord. Kystlaget eig tre sognebåtar, som vert leigd ut til ein rimeleg pris. I god gamaldags robåt og med enkel overnatting får ein høve til å oppleva fjordlandskapet i Aurland kommune på ein miljøvenleg måte.
Løypeinformasjon
Båt
Indre Sogn kystlag

I området er det mange gode tur alternativ. Dei fleste stiane

finn du på turkartet Nærøyfjorden, 1:50.000.

Bakgrunn

Indre Sogn Kystlag er ein organisasjon under Forbundet Kysten som arbeider for å ta vare på tradisjonar samt fremja kulturverdiane som ligg langs kysten og fjordane våre. Målsetjinga er vern gjennom bruk. Heimesida er www.norveg-sognefjord.no.

Kystledene er et samarbeid mellom Forbundet Kysten, Den Norske Turistforening og Friluftsrådenes Landsforbund. Nærøyfjorden Verdsarvpark er namnet på ei stor satsing på natur og kulturbasert samfunns- og næringsutvikling med utgangspunkt i Verdsarvstatusen for Nærøyfjordområdet. Kystled Nærøyfjord er partnar i Verdsarvparken. Sjå òg nettsida på: www.kystled-sogn.no eller www.naroyfjorden.no

Bruk av fjorden

På sjøen er ferdsel med båt fri for ein kvar. Lov om friluftsliv regulerer bruken av utmark og innmark.I § 9 vert det bl.a sagt at rasting og telting i utmark er tillete opp til 2 døgn utan løyve frå eigar. På innmark skal ein ha samtykke frå eigar. Elles skal ein ta omsyn og vera varsam, slik at ein ikkje voldar skade på natur eller eigedom. Hald vedlike god tradisjon med å ta med deg ut det du tek med deg inn i naturen. Vær med å halda fjorden og verdsarven rein! Statens Naturoppsyn Aurland, tlf: 480 94 364.

Båtutleige

Leige av kystledbåt skjer etter avtale med utleigarane i Aurland, Undredal eller Bakka. Utleigebåtane er tradisjonelle sognebåtar, 15 fot (færingar). Det er plass til 2-4 vaksne per båt. Båtane er utstyrte med 2 par årar, tauverk, dregg, 4 redningsvestar og kart over området. Leige av båt er kr 250,- for første døgn og deretter kr 200 pr døgn. Leigetakar betalar eit depositum på kr 500,- før avreise med kystledbåten, som vert tilbake-betalt når båten vert levert godkjend av utleigar. Bruk av Kystlaget sine båtar skjer på eige ansvar, og leige-takar er ansvarleg for bruk av båt og utstyr. Leigetakarar får praktiske råd fra utleigarane ved avreise med båten. Eit utleigeskjema må fyllast ut før avreise.

Utleigarar av robåtar

Aurland

Astrid Ohnstad

e-post: utleige.aurland@kystled-sogn.no

tlf.: 57 63 35 80

Undredal

Torill M. Domaas

e-post: utleige.undredal@kystled-sogn.no

Mob. 97 64 03 65

Bakka

Svein Tufte

e-post: utleige.bakka@kystled-sogn.no

tlf.: 57 63 39 17/ 90 52 63 24

Kulturminner

Flåm

Flåm

Flåm Marina & Appartement, tlf.: 57 63 35 55/ 90 60 95 23 www.flammarina.no

Les mer...

Dyrdal

Dyrdal

Høve til å overnatte på Drego Gard etter avtale med Siv Tønder, tlf.: 99 44 94 26/ 94 35 85 69 shen@helse-bergen.no eller i eige telt etter avtale med grunneigar, tlf 94 80 53 33 • arild.dyrdal@skole.bfk.no

Les mer...

Bakka

Bakka

På Bakka er det høve til å overnatte i eige telt etter avtale med grunneigar, tlf.: 57 63 39 17 / 90 52 63 24 utleige.bakka@kystled-sogn.no (Svein Tufte)

Les mer...

Side-alternativer