Søk etter løype:





 

Krigsminnevandring i Hå

Red Marker Krigsminnevandring i Hå
8. mai 1945 vart ein festdag for landet vårt. I fem år hadde framande styrt og okkupasjonsstyrkar stått i landet. Det var fem lange år under framandåk som sette djupe merke i land og folk, ikkje rart at nasjonen var i festrus. Mange stader i landet bar stygge merke etter krigen, etter øydelegging og festningsliknande byggverk frå okkupasjonsmakta si oppbygging av "Festung Norwegen". Også i Hå sette krigen sine merke, både på folk og landskap.
58.4991656391 5.80043792725
  • Militærhistorie
  • Fort og festninger
  • Krigsminner
8. mai 1945 vart ein festdag for landet vårt. I fem år hadde framande styrt og okkupasjonsstyrkar stått i landet. Det var fem lange år under framandåk som sette djupe merke i land og folk, ikkje rart at nasjonen var i festrus. Mange stader i landet bar stygge merke etter krigen, etter øydelegging og festningsliknande byggverk frå okkupasjonsmakta si oppbygging av "Festung Norwegen". Også i Hå sette krigen sine merke, både på folk og landskap.
Løypeinformasjon
Bil
Rogaland

Kulturminner

Vedafjellet

Vedafjellet

I mange år var det nok berre dei mest lokalkjende Hå-buane som visste kor gjennombora Vedafjellet i Sirevåg var av tunnelar og bunkerar med far etter kanonstillingar. Det tok mange år før dette området vart frigjort for folk flest. I dag er det eitt av dei tydelegaste krigsminna i Hå.

Les mer...

"Hitlertennene" på Brusand

"Hitlertennene" på Brusand

Det er nok mange som har køyrt riksveg 44 over Brusand og undra seg over steinane og betong-klossane langs vegen. Sidan krigens dagar har "Hitlertennene" stått som minnesmerke om den tyske krigsmakta sin aktivitet i området.

Les mer...

Ueland radar

På Ueland kunne ein lenge sjå bunkeren som var grunnmur for den kjempestore radaren tyskarane hadde her. Den låg borte på Såbrekka med utsyn over store delar av Jæren. Radaranlegget på Ueland var eitt av dei første tyskarane bygde her i landet.

Les mer...

Hanaberget / Kvialeiren

Hanaberget / Kvialeiren

I Hanabergmarka ved Vitengarden (Jærmuseet) kan ein finna mange spor frå tidlegare tider. Mellom anna åpen kommandobunker med fast utstilling og informasjon om krigstida i Hå.

Les mer...

Nærland lyttestasjon

Nærland vart eit viktig militært område på Jærkysten for den tyske okkupasjonsmakta. Tyskarane kom hit og tok området i bruk 17. mai 1940. Det var det tyske Luftvarslingsregiment som inntok Nærland. Deira oppgåve var å avlytta engelsk flysamband, ein sentral aktivitet både for den offensive og defensive krigføringa.

Les mer...

Side-alternativer