I Heilag-Olavs fotefar - øvre Valldal
-
I Heilag-Olavs fotefar - øvre Valldal
- Kong Olav Haraldsson (Heilag-Olav) var på flukt i 1028 gjennom Valldalen og over fjella til Lesja. Ferda er vigd stor merksemd i Snorres Kongesoger, og gav opphav til ei mengd forteljingar i Valldal.
- 62.3299777 7.4741381
-
- Kulturhistorie
Andre delen av fotturen i Heilag-Olavs fotefar held fram frå Alstad. Her kan ein parkere ved Gudbrandsjuvet og følgje vegvisar til stien som fører gjennom skogen opp til Olavskjelda og Olavshelleren, der det er infotavle. Ein merka sti går vidare opp gjennom skog og noko grasmark til Skjersura.
Gjennom Skjersura kjem ein fram til Grønning. Stien går her ned til riksvegen, kryssar vegbana, og følgjer gamlevegen ned langs elva.
Eit stykke lenger nede blir riksvegen kryssa igjen, og ein kjem inn på ein merka sti gjennom skogen som fører attende til Gudbrandsjuvet.
Kulturminner
Gudbrandsjuvet
På Alstad går Valldalselva gjennom eit trongt gjel. I dette området er så mange jettegryter at det knapt finst mange andre stader i landet. Frå brua over juvet kan ei sjå ned i desse store jettegrytene.
Eit vendepunkt i Heilag-Olavs saga
Kongshæren slo leir på Alstad, og etter tradisjonen sov kong Olav i Olavshelleren. Det er ei kjelde ved helleren som kongen vaska seg i, og i ettertida vart det rekna for helsebot å drikke av kjeldevatnet.
Den store hindringa - Skjersura
Etter fleire fånyttes forsøk på å rydde veg gjennom den store Skjersura på Alstad, måtte det eit mirakel til for at Heilag-Olav og hæren hans skulle kome seg vidare.
Der ingen mann kan vere om natta for troll og uvetter
Etter strabasiøs passering av Skjersura, tok Heilag-Olav inn på ei seter på Grønning for natta. Også her kom det sterke åtvaringar frå bygdehøvdingen Bruse.
Gamlevegen - kvifor gjekk ikkje Heilag-Olav her?
Mykje av gamlevegen mellom Alstad og Grønning er der framleis. Vegen går langs elva, og er ein særs flott turveg.

