Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Mensen Ernst minnestein

I 1987 vart ein minnestein sett opp ved Modig IL sitt idrettsanlegg i Fresvik. Steinen var til minne om storløparen Mensen Ernst som opphavleg kom ifrå Fresvik.

Mensen Ernst minnestein

Minnesteinen

Mensen Ernst minnestein

Minnestein med Linda Eide

Løparen 
Løparen Mensen Ernst er svært kjend for alle løpa han har sprunge og lengden på dei. Den fyste konkuransen han var med, var i Sør-Afrika i 1813. Då han kom til London i 1818, starta han som pedestrian, ein som spring lange distansar for betaling. Løpa Det fyrste viktige løpet hans var frå London til Portmouth. Lengden på 116 km skal han ha sprunge på 9 timar. Etter dette løpet byrja ryktet å spreie seg, og han vart kjend i store delar av Europa. Paris-Moskva er utvilsomt det løpet han er mest kjend for. Her sprang han ein distanse på 2500km på 15 dagar, det vil seie 170km kvar dag.

Dødsløpet
I samarbeid med greven av Pûckler-Muskan planla Mensen Ernst å springa Afrika på langs for å finna kjelda til Nilen. Sommaren i 1842 reiste han til Kairo, der han starta løpet sitt. etter å ha sprunge over 1000km, kom Mensen til Aswan. Her blei han smitta av Dysenteri. Dei fann han død, sittande attmed eit tre, der Aswan-dammen ligg i dag. Greven reiste ei støtte over grava hans i Aswan. På denne støtta stod det: "Rask som en hjort, hvileløs som en svale. Jorden hans arena-aldri så hans like."

Minnesteinen
I boka "Løparkongen" skriven av Bredo Berntsen, at Mensen Ernst var fødd på Øyri i Fresvik i 1795, og hadde namnet Mons Monsen Øyri. Idrettslaget Modig bestemte seg då for å markere denne løparkongen. Dei fekk med god innsats henta ned ein stor naturstein ifrå Fresvik-Asen. Denne teksten vart då inngravert:

Til minne om
Løparkongen
Mensen Ernst
(Mons Monsen Øyri)
frå Fresvik
1795-1843

Om vegen tidt
var bratt og lang
like fullt
du la på sprang
med vilje, mot og
spenst i kroppen
hamna du på
verdstoppen

Dette verset er skrevet av Sigurd Høgheim.

Avdukinga
Steinen vart sett opp ved idrettsbana, og blei avduka i august 1987 av Bredo Berntsen. I forbindelse med dette arrangerte Modig det første Mensen Ernst minnesløpet. Ifrå denne gongen har det vore Mensen Ernst minneløp kvart år. På kvelden hadde idrettslaget og sogelaget stelt i stand ein fin kulturkveld.

Livsstilveka
I samband med Livsstilveka i 1990, vart Fresvik sett i fokus nok ein gang. Den 25.mai fekk me besøk av eit stort følgje, deriblant mange deltakarar frå Vikingløpet i Balestrand. Grete Waitz, Joan Benoit og Frank Shorter la krans på minnesteinen over Mensen Ernst. Arrangementet vart svært vellykka, og innslag herifrå fekk og pressedekning i NRK i den beste sendetida på 17.mai året etter. I Livsstilveka i 1995 fekk Fresvik nok ein gang besøk av store namn som Audun Boysen, Ernst Larsen (Kruska-Larsen) og Egil Danielsen.

I 2008 var Linda Eide frå NRK i Fresvik og kåra Mensen Ernst til ein "Norsk attraksjon". Ho skulle springa til Bergen Frå Fresvik, men måtte gi opp på Voss.

Kjelder: Skriftlege kjelder
Modig IL gjennom 75 år
"Løparkongen," av Bredo Berntsen
NRK.no/fylkesleksikon

Munlege kjelder
Kåre Bøthun

Forfattar: Rolf Eirik Bøthun Olsen 2008 - 8. klasse

Side-alternativer