Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Brynne

I Fresvik har det vore to brynne. Det eldste sto i Solali, der vegen frå Solali kjem ned i Storevegen.

Brynne

Brynne

Det gamle brynnet var svært gammalt, og me veit ikkje kven som bygde det. Då den gamle vegen under Solali rasa ut, flytte dei det gamle brynnet ned til Tråene. Men til slutt smuldra det opp og blei øydelagd. Etter ei stund laga Hans H. Bjørnetun eit nytt brynne som vart kalla Nyabrynne. Det blei laga rundt 1940.

Dei laga brynne av ei grov trestamme og hogg ut ei fordjuping til vatnet. Ordet brynne betyr å gi dyra vatn. Det brynne som står i Tråene i dag er laga av Jarle Breilid.

 

Side-alternativer