Bedehuset
Bedehuset i Fresvik stod ferdig i 1978 og ligg tett nedom vegen om lag 300 m opp frå krysset på hovudvegen gjennom bygda. Huset er 20 x 10 m og bygt i to fulle høgder. I første høgda er der stor romsleg gang, storsal og vetlesal. Underetasjen har stor sal, opphavleg matsal, no aktivitetsrom for barneklubb, og fullt utstyrt kjøken. Storsalen er innreidd med røyrstolar og småbord, Vetlesalen med sofamøbler. Talarstolen står på golvnivå. Veggene er utsmykka med bilete og teppe. Midt på veggen framme heng eit stort målarstykke med motiv Engelen styrkjer Jesus. Det er laga av Herdis Kleppa etter original av ein annan kunstnar. I salen nede heng det to store åkle.

