Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Kyrkjefluda

Nord om Jensholmen ligg Kyrkjefluda i Røyrasundet. På fluda står ein steinvarde med merkestang. Varden er gamal og syner at leia går nord om varden. Namnet kjem truleg av at ein ser fluda frå kyrkjetufta på Herøy.

Kyrkjefluda

Kyrkjefluda i Røyrasundet

Kyrkjefluda

Leia sørover Røyrasundet

Gjennom Røyrasundet, mellom Leinøya mot nord og Herøyholmane sørover, går den indre hovudleia langs kysten. Her har den nok gått så lenge folk har ferdast i båt langs kysten.

Over dette sundet går Herøybrua, som vart opna av Kong Olav i 1976. Då vart Ytre del av Herøy kommune landfast med indre Herøy. Det har vore trangt her for store båtar, då Skallen på 4m djupt låg midt i sundtet rett vest av brua. Denne er no nyst fjerna av kystverket, og båtar treng ikkje ta hensyn til grunna lenger. Seglingshøgda under brua er 30m.

Der brua kjem i land på Leinøya, ligg den gamle stova til overtollbetjent, Johan Christoffer Brun (1792 - 1865). Han var ein fargerik person i området her, midt på 1800-talet. Han var premierløytnant av grad, og hadde i sine yngre år vore med under Napoleonskrigane. I sitt sivile liv brukte han å halde selskap for dei kondisjonerte i område, på militært vis. Han hadde fleire saluttkanoner rundt på garden, også på høgste fjellet bak tunet. Det vart saluttert høglytt i Røyrasundet når Brun skulle halde selskap.

Side-alternativer