Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Herøy Gard

Gamal kyrkjestad, prestegard og handelsstad. Øya har vore ein samlingsstad for folk i området i over 1000 år. Tuft etter to kyrkjer med gravplass. Handelsstaden, Herøy Gard, er i dag museum.

Herøy Gard

Handelsstaden Herøy Gard

Herøy Gard

Kyrkjetufter med gravplass

I Herøyfjorden ligg ei klynge av små øyar og holmar. Lengst sør mot Flåvær, ligg øya Herøy. Ho er nemnd i soga fleire gongar, m.a. fordi ho ligg ved skipsleia og var ei god hamn for dei sjøfarande. Olav Haraldson låg ved Herøy med skipa sine i 1027 og venta på leidangsmannskapet frå Sunnmøre. Snorre fortel om møtet med vikingen og ransmannen Karl Mørske som baud seg til å vere kongens mann og fare til Færøyane og krevje inn skatt.

 

Kyrkjestad frå middelalderen 

I kristen tid vart øya kyrkjestad for Herøy prestegjeld og kyrkja var ei av dei fire hovudkyrkjene på Sunnmøre. Kong Sverre Sigurdson var innom Herøy fleire gongar på veg langs kysten sist på 1100-talet, og i 1263 var kong Magnus Håkonson her.  Clæmith i Herøyom er nemnd på 1200-talet. Han må ha vore ein høgboren mann og var truleg eigar av Herøy kyrkje, marmorkyrkja frå tidleg 1100-talet. På 1300-talet møter vi Håkon i Herøyom, og Bjarne Simonson, den første namngjevne presten i Herøy. Gildestova på Herøy er nemnd i 1433 då erkebisp Aslak Bolt var her og "hadde samtalar med ålmugen" i prestegjeldet.

 

Det har gått ord om at her har vore eit kloster på øya. Klosteret skal ha vore vigt til Alban den heilage, som var den fyrste kristne martyren i England. Klosterhaugen på Herøy ligg eit par hundre meter vest for der våningshuset i dag står. På denne haugen finn me ei tuft etter ei steinbygning med restar etter marmor. I berget rett vest av tufta er der hogge inn to store bumerke. Det eine er mykje lik merket som finnast på framsida av Aslak Bolt si Jordebok. Kan dette ha ein samanheng med visitaten i 1433?

 

Prestegard 

På Herøy var det prestegard, truleg frå første kristen tid. Øya var lita, med snaude berg og ikkje så godt eigna til åker og eng. Det var problem med ferskvatn og på kyrkjegarden var det altfor lite jord og ein kunne ofte kjenne lik-teven. Dette var truleg årsaka til at prestane ikkje ville bu på Herøy og mange av husa rotna ned på slutten av 1600-talet. I 1752 vart ny prestegardsbygning likevel sett opp. Eldste delen av hovudbygningen som står her i dag, er frå den tid. I 1761 vart det gjort makebyte med garden Raftenes i Stokksund, og prestegarden skulle no ligge der sjølv om det var nytt hus på Herøy.

 

Handelsstad

Herøy steig no fram som handelsstad, gjestgjeveri og skysskifte, særleg frå 1770. Sivert Olsen kjøpte då Herøy Gard og etterkvart Herøy kyrkje med tilhøyrande kyrkjegods. Seinare vart han også eigar av  Sande kyrkje, Rovde kyrkje og ein tredje part i Volda kyrkje med tilhøyrande jordgods. Handelsstaden vart verande i Olsen si familie fram til 1830-åra, då Peter Wilhelm Lorange frå Kragerø tok over. I 1854 kjøpte Knut Olai Simonsen frå Bergen,  Herøy Gard, og eigedomen vart i Simonsen-ætta til 1917.

 

Ny trekyrkje

Den gamle steinkyrkja vart riven i 1859. Ei ny kyrkje av tre vart bygd same året eit steinkast frå den gamle. Denne vart riven i 1916 og flytt ut i Skaret, ved Fosnavåg. Rett etter døde handelsmannen Hans Henrik Simonsen og det stilna av med handel på Herøy. Den vesle tradisjonsrike øya, der alle vegar samla seg i eit midtpunkt gjennom hundrevis av år, vart no liggjande ulagleg for den nye tids tilhøve.

 

Ei ny tid

I mellomkrigsåra vart det drive med sildesalting, trankoking i tillegg til sjølvberging på garden. I 1941 kjøpte Erik Jakobsen Venja frå Haugesund, garden og dreiv jorda utover etterkrigstida. Herøy kommune kjøpte Herøy Gard i 1973 og det vart sett i gang med eit omfattande restaureringsarbeid. I 1981 vart Herøy kystmuseum opna. I dag er museet ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum.

 

1000 år på Herøy

Herøy kystmuseum held til i dei vakre, gamle bygningane på Herøy Gard. Museet skal synleggjere handelsstaden, og samlingane er i stor grad knytte til liv og verksemnd på kysten. Båten står i sentrum, han representerer sjølve livsgrunnlaget for kystfolket. Rekonstruksjonar av Kvalsundbåten frå 600-talet, og ei sunnmørsjekt frå 1700-talet er ein del av samlingane. Med Herøyspelet "Kongens Ring" frå vikingtida, tuftene etter middelalderkyrkja og handelsstaden frå nyare tid, får den som vitjar øya oppleve 1000 år ubroten soge på Herøy.

 

Side-alternativer