Flåvær
Gamalt fiskevær og handelsstad som ligg ved innseglinga til Herøyfjorden mellom Gurskøya og Bergsøy nordanfor. Havet kan stå hard på her, men på hamna kan ein finne ly for storsjøen. Dette har også vore ventehamn for laglegare vèr til å gå sør om Stadt.
Flåvær ligg langt ut mot havet, der bårebrotet og draget i sjøen sjeldan ligg i ro. Kanskje kjem namnet av frod eller fraud som tyder skum. Det kan også tenkast at stavinga flå tyder flat, då holmane ligg der flate mellom dei høge fjell på øyane omkring.
Flåvær er ei samling av holmar som ligg i rekkje frå vest og austover. Lengst vest står Flåvær Fyr, deretter kjem Varholmen, Husholmen, sjølve Flåvær og lengst aust Torvholmen. Rett nordanfor denne rekkja ligg Sandøya og fleire mindre holmar og skjer. Det er mellom her Flåværhamna ligg. Innseglinga nordanfrå er merka med to gamle steinvardar. Rundt om på berga ligg mange fortøyingsboltar med tørneringar. Fortøyingsmerka er haldne ved like og er godt synlege.
Flåvær har vore kjent og nytta til hamn langt attende. Om ein ikkje gjekk inn Vanylvengapet, var dette den fyrste hamna som baud livd etter seglasen rundt Stadhavet. Om sommarane i lyse netter og godt vèr, kunne skipa ofte segle den ytre leia nord om Stadt. Då kom dei ikkje i hamn før i Giskesundet. I dårlegare vèr og når mørket kom tidlegare, var Flåværhamna mykje brukt. Både Sunnmørske og Nordlanske jekter låg her å venta på betre bør til og frå Bergen. Ofte kunne ventetida bli lang, difor vart hamna kalla Pinebenken av sjøfolket.
Dette gamle fiskeværet var tilhaldstad for mange fiskarar frå dei indre bygdene i vintertorskefisket. Her kan ha stått robuer, mange låg i sjøbuder og sjøpakkhus. Nokon kunne også husast i stovene hjå Flåværfolket. Til langt ut i 1930-åra hadde fiskarane tilhald i Flåvær. Dette var ein lagleg stad med kort utror.
Under sildefiske vinter eller sommar, kom mange fiskekjøparar med jektene og skutene sine og låg på hamna og salta. Då var det mykje folk i arbeid med kverking og salting, både ombord og på land.
Flåvær har vore handels- og gjestgjevarstad frå midten av 1600-talet og fram til rundt 1920. Berre i korte bolkar har det vore ophald i handelen. Familier som har drive handel frå Flåvær er; Grot, Wiingaard, Schultz, Schjelderup Darre, Sperre, Rønneberg og Wiig.
Flåvær vart poststad i 1873 og frå 1869 kom det telegrafstasjon. Telegrafstasjonen vart flytta til Leikong i 1908, men dei hadde telefonstasjon fram til 1949.
Flåvær fekk eiga skulestove i 1928 og her var skuleborn fram til tidleg 1980-talet. Skulestova står fortsatt, på den gamle tomta til Fiskarheimen.

