Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Båtsvika

I Båtsvikja på Kleppe, vart det i 1935 greve fram ei gamal nausttuft. Arkeologar meinar det kan ha vore eit leidangnaust. Tufta er i dag dekt av torv, og kan ikkje sjåast.

Båtsvika

Gamal nausttuft i Båtsvika.

Det var Bergen Museum som stod for utgravinga i 1935. Naustet har vore 24m langt og 7m breid, og ligg i dag om lag 16m frå fjøra. Stolpehòla i jorda stod ganske tett på langsidene. Båten kan då ha vore på storleik med Oseberg- og Gokstadskipet.

Det kan vere naturleg å plassere eit leidangnaust nær ein offentleg samlingsstad eller tingstad, som truleg låg på Måløy. Namnet Båtsvik (både namn på vika og garden som ligg ovanfor), kan sjåast i samanheng med dette.

Side-alternativer