Fjordmannsleia
-
Fjordmannsleia
- På Søre Sunnmøre, mellom Gurskøya og Hareidslandet, går der ei båtlei. Denne var mykje brukt av fjordafolket som skulle på fiske ute ved havet. Leia har på folkemunne vorte kalla, Fjordmannsleia.
- 62.2292356457 5.82000732422
-
- Turisme
- Bondekultur
- Kulturhistorie
- Navn
- maritime kulturminner
- Fritid
- Samferdsel
- Kommunikasjon
Fjordmannsleia startar om lag der Rovdefjorden og Voldsfjorden møtast. Fiskarane som kom inna Ørsta og Volda, rodde mykje fiske ved havgapet ute i Herøy. Der kunne dei ligge vel ein månad under vintertorskefiske i februar - mars. Dei kunne få seg husly på gardane, på sjøbudene eller dei sette opp stover, Fjordmannstover.
Leia smett inn frå fjordane i Eiksundområdet, der det i dag er undersjøisk tunnellsamband. Vår lei startar i Måløysundet, mellom Jøsokstranda og Måløya.
Vidare går ho nordover, over Leikongbukta og rundt Årsnespynten til Kjeldsund. Kjeldsund er ein gamal handelsstad som no vert driven som eit ungdomsenter. Her kan du berre gå med småbåt, då brua har ei seglingshøgde på 2,5m.
Vidare kjem ein til Dragsund, der ein i gamal tid berre kunne flyte på flo sjø. I dag er sundet djupare, og kan gåast av dei fleste fritidsbåtar. Brua over har ei seglingshøgd på 20m.
Mellom Dimna og Gurskøya går ein mellom Indre Røyra og Kriksholmane. På Kristofferholmen like ved, låg også ein handelsstad i gamal tid.
Utover går ein no Kvitøystraumen, sundet mellom Kvitøya (Benthl) og sørpynten til Dimna. Her smyg du deg vestover mot Bymannen og så nordom Storneset og på innsida av Gullura. Ein går no vidare vestover gjennom Stokksundet. Brua her har ei seglingshøgde på 2,5m. I Stokksundet ligg prestegarden og indre Herøy kyrkje.
Leia går no nord om Nautøya, under ei lav bru (4,5m), mellom Kronholmen og Jensholmen. På Jenshl ligg Laternen Marina, serveringsstad og småbåtshamn.
Mellom holmar og skjer går ein no rett vestover til Herøy, der Herøy Gard ligg. Dette er den gamle kyrkjestaden, prestegard og handelsstad, som har gitt kommuna namn. Denne øya har vore som eit veikryss i gamal tid. Staden er i dag museum.
Fiskarane som no skulle vidare ut til Flusund, Leinevikja og rundt til Fosnavåg, rodde gjennom Straumen. Denne leia går mellom Bergsøya og Leinøya. Vår lei no, går vidare vestover til Flåvær, som har vore fiskevær og handelsstad lang tid tilbake. Ytst på desse øyane ligg Flåvær Fyr, som er endepunktet på Fjordmannsleia.
Kulturminner
Måløya og Måløysundet
På Måløya i Herøy kommune (Møre og Romsdal), står ein gamal steinvarde som syner leia gjennom sundet. Seglingsmerket vart sett opp av Fyr og Merkevesenet i 1894. Her startar Fjordmannsleia ut mot havet.
Båtsvika
I Båtsvikja på Kleppe, vart det i 1935 greve fram ei gamal nausttuft. Arkeologar meinar det kan ha vore eit leidangnaust. Tufta er i dag dekt av torv, og kan ikkje sjåast.
Flåvær
Gamalt fiskevær og handelsstad som ligg ved innseglinga til Herøyfjorden mellom Gurskøya og Bergsøy nordanfor. Havet kan stå hard på her, men på hamna kan ein finne ly for storsjøen. Dette har også vore ventehamn for laglegare vèr til å gå sør om Stadt.
Herøy Gard
Gamal kyrkjestad, prestegard og handelsstad. Øya har vore ein samlingsstad for folk i området i over 1000 år. Tuft etter to kyrkjer med gravplass. Handelsstaden, Herøy Gard, er i dag museum.
Kyrkjefluda
Nord om Jensholmen ligg Kyrkjefluda i Røyrasundet. På fluda står ein steinvarde med merkestang. Varden er gamal og syner at leia går nord om varden. Namnet kjem truleg av at ein ser fluda frå kyrkjetufta på Herøy.
Buskeholmen
Dette er ein liten rundrygga holme med mykje kratt og buske på. Holmen ligg på innsida av Nautøya rett ved nordaustenden av Vedøya. Segna fortel at ei ung kvinne vart brend, skulda for å vere heks.
Stegleholmen
Rett nord for øya Herøy ligg ein liten holme som har vore ein gamal avrettarstad. Slike holmar har me fleire av her i regionen, og det finst mange langs heile kysten vår. Namnet kjem av ein gamal torturmetode, der kroppen vart festa til eit hjul. Seinare nytta ein ordet om å sette hovuda av den avretta på stakar.

