Søk etter løype:





 

Fånefjell vegmiljø – nasjonalt verna vegminne

Fånefjell vegmiljø omfattar fire generasjonar vegar frå meir enn 500 år i tid. Det bratte og vanskelege terrenget viser kva utfordringar vegbyggjarane hadde tidlegare. Her finn vi spor av den eldste kløvjevegen og den første kjørevegen frå 1842, som begge går over fjellet. I 1923 la ein vegen rundt fjellet, delvis i halvtunnel, og i 1963 sprengte ein ny veg i tunnel gjennom fjellet. Vegmiljøet i Fånefjell har nasjonal verd som kulturminne.
Løypeinformasjon
1 t T/R
Til fots
2 km frå Grasbakkane til Nautedalsåni
Statens vegvesen / Bygland bygdekvinnelag
Aust-Agder
Bygland

TURVEG Dei gamle vegane over Fånefjell er restaurert av Bygland kommune og Statens vegvesen. Sørenden av 1923-vegen med halvtunnelar er dessverre stengt for publikum på grunn av rasfare. 1842 /1870-vegen over fjellet er open som turveg. Ein merka stig på toppen går ut til ein rasteplass på kanten av fjellet. Her er storslegen utsikt over Byglandsfjorden.

VERNEVERDIG KULTURMINNE Dei ulike generasjonane vegar over Fånefjell viser utfordringane i vegbygginga før moderne utstyr gjorde det mogleg å sprengje tunnelar gjennom fjellet. Dei ulike bevarte generasjonane vegar viser korleis dette har vore gjort på ulike måtar gjennom meir enn 500 år. Vegmiljøet i Fånefjell har derfor nasjonal verd som kulturminne.  Vegmiljøet er med i Statens vegvesens ”Vegvalg – nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner”.

KULTURMINNEÅRET I samband med kulturminneåret 2009 blei det på kulturminnedagen 13. sept. arrangert vandring langs vegen. Arrangement og infoskilting var eit samarbeid mellom Bygland bygdekvinnelag og Statens vegvesen. Les meir..

Kulturminner

Vegane over, rundt og gjennom fjellet

Vegane over, rundt og gjennom fjellet

VASSDRAGET VIKTIG Frå gammal tid var Otra livsnerven for samferdsla gjennom Setesdal. Her blei gods og kløver frakta på føringsbåtar, medan hestar og folk kunne ferdast til lands.

Les mer...

Fruktdyrking i Fånekleiva

Fruktdyrking i Fånekleiva

FYLKESGARTNAR TOMAS LANGERAK (1888-1949) arbeidde ivrig for at jorda skulle utnyttast best mogeleg og for at mange hender skulle kome i arbeid. I heile fylket, og ikkje minst i Setesdal, vart det planta frukttre og bærbuskar på kvar ein gard.

Les mer...

Side-alternativer