Eidsdal - der kvinnene har sett spor
-
Eidsdal - der kvinnene har sett spor
- Ein tur gjennom bygda Eidsdal vil føre oss forbi mange ulike kulturminne, men først og fremst får vi her eit møte med kvinner, både smålåtne som likevel vart hugsa, og også sterke, framståande kvinner.
- 62.2612281 7.1717983
-
- Kulturhistorie
Vandring gjennom Eidsdalen.
Dette er om lag same turtraséen som er skildra av Merete L. Rønneberg i boka OPPTUR GEIRANGERFJORDEN (Selja Forlag 2009). Fotturen startar på ferjekaia, t.d. ved 2000-års minnet der. Vi går først bilvegen i retning Dalsbygda, og ved brua før Norddalsstranda tar vi gangvegen oppover elveforbygginga på vestsida av elva, men på Bruland kryssar vi elva, følgjer så råsa oppover på austsida.
Turen går vidare framover bygda, og like nedanfor barnehagen på Blomerobben svinger stien opp ein bratt gangveg og held fram på merkt sti mot Rongane. Her går vi på traktorveg, seinare på køyrveg sørover til Heimre Hjelle.
Vi er no komne inn på folkestien i nedre del av bygda, og vi fylgjer den vidare langs grendevegen før vi tek av på rås og traktorveg til Veiberg. Så vidare gamlevegen "Kleivane" oppover til husmannsplassen Severinbrauta.
Frå Brauta er det no laga rås ned til den gamle steinkvelvbrua på Øygard. Her kryssar vi elva og før vi kjem inn på riksvegen, går vi praktisk tala over ei sementplate der Øygardsmeieriet i si tid var. Vi følgjer så riksvegen eit lite stykke nedover, og ved det første huset til venstre svinger vi inn på tunvegen, går i kanten av plenen før vi kjem inn på gamlevegen nedetter dalen.
Her går vi på kjerreveg, seinare køyreveg på vestsida av elva, forbi skulen, idrettsplassen og Raud Kross huset, og bygdevandringa endar der vi starta, på ferjekaia, som er knutepunktet for all ferdsel i Eidsdal.
Kulturminner
Eidsdalingar i 2000 år
Ved ferjeleiet i Eidsdal er det reist ein minnestein med namna på alle som budde i bygda ved siste tusenårsskiftet.
Trollsti ski - og storflaum
I Eidsdal var i si tid både skifabrikk og mange møbelfabrikkar. Fleire låg ved elva, og særleg skifabrikken ved Bruland fekk oppleve at elva kan vere ein farleg granne.
Den store kunstmålaren i Norddal, Ole T. Ytterdal
Lokal kunstnar - med utdanning i Kristiania og Paris. Oppdaga som 16-åring og fekk lærarar som Christian Krogh og Halfdan Strøm.
Den dramatiske historia om Kyrkjebjørka
Enno i dag står røykstova på Heimre Hjelle der det i 1735 var eit julegilde som enda med drap og dødsdom - men kanskje vitnar Kyrkjebjørka om at drapsmannen Halvor Hjelle fekk nåde til slutt.
Kvinnemakt
Sensasjonelt gravfunn på Veiberg i 1918. Eit 1600 år gammalt praktsmykke som har høyrt til ei mektig kvinne.
Brauta-Nelly fekk tida til å stanse
Severinbrauta. Ein einestånde kulturhistorisk skatt som viser korleis samfunnet endra seg frå 1870 til 1990.
Steinkvelvbrua på Øygard
Den første steinkvelvbrua i Norddal, bygd i 1878 - den einaste brua som overlevde storflaumen.
Lidarheim
Eidsdalingar starta lag, bygde ungdomshus og stod sjølve for det som var av møte, teaterframsyningar, musikklag og andre kulturtilbod.
Ei kvardagsheltinne - Jensine Rødal
Jordmor Jensine Rødal sparte seg ikkje i tenesta, noko den lange turen vintersdag frå Eidsdal, via Kallskaret, til Muldal vitnar om. I dag minnest vi denne bragden med Jordmormarsjen.
Torebuda
Ved ferjeleiet i Eidsdal ligg landhandelen Torebuda - som ei vennleg helsing frå dei gode gamle dagar.
Kaffikverna KNAS
Nesten nede ved kaia, tvers overfor den tidlegare skjortefabrikken, ligg Smoghuset der det i årevis vart produsert kaffikverner som vart selde over heile landet.

