Vinjatunet
Gardane på Vinje er mellom dei eldste på Vossestrand, og frå gamalt låg tunet slik som no - høgt oppe i den gamle innmarka. Åkerjora avgjorde truleg tunstaden.
Bryllaup på Vinje 16. juni 1869. Brurepar: Orlaug Kolbeinsdotter Tveite og Anders Eirikson Overland, begge frå Myrkdalen. Huset i framgrunnen står enno på Vinje. Foto: Knud Knudsen, UiB
Fotograf Knud Knudsen reiste tilfeldigvis forbi her den dagen. Han sette opp kameraet sitt på berget der oppe – og tok foto av brurefylgjet i tunet. Så snudde han kameraet rundt og tok bilete av kyrkja. Foto: Knud Knudsen, UiB
Men det kunne vera tungt å få avlinga heim, for ein måtte dra mesteparten i motbakke. Og etter kvart som innmarka vart utvida og meir utnytta nedetter, vart transportproblemet stort.
Vinje var ein sentral stad med kyrkje, prestebustad, gjestgjevarstove og lensmannstove. Gamle postvegen mellom Voss og Sogn gjekk gjennom tunet, på oppsida av kyrkja og vidare austover. Vinjatunet står tomt no..

