Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Vassmyraleite

Dette er det høgste punktet på vegen, og frå gamalt har det vore stor og god furuskog oppå åsen her. Men myrkt og skummelt har det nok vore, og folk fortel om merkelege opplevingar i dette område.

Vassmyraleite

Vassmyraområdet har alltid vore beiteland. Her skal det setjast opp nytt gjerde. Foto: Brita Tveite

Det er fortalt om to karar, Ingebrigt Opheimsvangen og Kjell Vetleteien, dei kom gåande forbi Vassmyraleite ei myrk natt. Brått høyrde dei ein gris som skreik så stygt på nedsida av vegen. Dei såg ikkje nokon gris og gjekk vidare, men grisen fylgde etter og skreik og var sint. Då ropte han Ingebrigt: ”Du faor rina sjikkelè”. Og grisen lydde og hylte endå styggare. Då vart han Ingebrigt sint og sa  at grisen fekk sjå til å dra seg dit han kom frå. Då dei kom til Opheimsvangen, vart fylgjessveinen med inn, han våga ikkje gå heim til Vetleteien åleine.

 

Ingebjørg Lunde hadde vore på Vangen ein tur, og på heimvegen slo ho fylgje med Arnfinn Jordalen . Dei gjekk gamlevegen om Vinje. Då dei var komne nesten til Vassmyraleite på Bidne, klarde ikkje Arnfinn å halda fylgje. Han ropte til Ingebjørg og sa at ho måtte stogga og at ho måtte komma ned til han. Ingebjørg gjekk attende, tok Arnfinn i handa og leidde han eit stykke på vegen. Arnfinn vart på Lunde den natta, han hadde ikkje hug å gå ut til Jordalen.

Morgonen etter då han skulle reisa, sa han til henne Ingebjørg:”Da fyl noko godt med deg Ingebjørg”, sa han. Og så fortalde han at han kvelden før hadde vorte møtt av ein kar som han ikkje kom forbi. Gjekk han på eine sida av vegen, stod mannen framfor han og møtte, gjekk han over på andre sida, så fylgde mannen etter. Men då ho Ingebjørg kom og tok han i handa, vart mannen borte. 

Kjelde: Albert Lunde: Gamalt frå gard og grend

 

Side-alternativer