Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Tuft etter Preststovo

Øverst og lengst vest låg Preststovo. Kyrkjesoknet var truleg eigar av huset, men det er usikkert kven som eigde grunnen.

Tuft etter Preststovo

Tuft etter Preststovo. Foto: Brita Tveite

Her budde vossaprestane når dei heldt gudsteneste på Vinje (før Vossestrand vart skilt ut som eigen kommune i 1866). Huset vart også brukt som skulestove. Men går me langt attende i tid, budde presten fast  på Vinje. Siste presten som som kan dokumenterast, var Sira Ærlingr (fleire brev frå han i 1340 åra), han døde truleg under svartedauden.

Side-alternativer