Sundsvålsbrua - steinkvelvbru frå ca. 1830
Murte kvelv- og bogekonstruksjonar kjenner ein lite til frå dei gamle kulturane i Egypt og Midtausten. Det var romarane som for alvor tok i bruk og utvikla teknikken til eit ekstremt høgt nivå.
Byggemåten vart kjend i Noreg i middelalderen og hadde ein viktig funksjon ved bygging av steinkyrkjer. Fyrst i slutten av 1700-talet vart metoden brukt til brubygging. Veglova frå 1824 gav påbod om vegstandarden. Der heiter det at ”alle Broer paa Hovedveie skulle, hvor Naturhindringer ikke forbyde det, for Eftertiden oppbygges af Steen, og være af lige Brædde med Veien”.
Kjelde: Dagfinn Trømborg: Stein på stein

