Sundsvålelva
Vatnet kjem frå Oppheimsdalen og renn ut i Oppheimsvatnet. Det ligg fem jettegryter på rad oppover i elva, dei skriv seg frå siste istid.
Lensmann Brørvik bygde eit likestraumsverk i denne elva. Verket hadde turbinregulator og leverte ljos i Oppheim sentrum. I 1931 bygde ingeniør Oddmund Melve eit likestraumsverk i samme elva, ovanfor Brørvik sitt verk. Det hadde 2 dynamoar på 240 volt kopla i serie til 480 volt. Abonentane eigde verket som leverte straum til Vinjahagen, Finne, Bidne, Urheim, Løn og Heggland. Verket var i drift til Vossestrand og Nærøydalen kraftlag overtok leveransen i 1953.
Kjelde: Anders Lid – Gamalt frå Voss 1988

