Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Stavalsbrekko

Ordet al kan m.a. tyda kjerneved av furu, å fø fram, ala opp, dyrka …. Kan henda har her vore lett å finna gode stavemne. Ein engelskmann ville ein gong finna seg ein stav her, og då låg det ein kvitorm under trerota. Kanskje dette kan vera bakgrunn for namnet Stavalsbrekko?

Stavalsbrekko

Foto: Brita Tveite

I folketrua hadde kvitormen magiske krefter, han stod i sentrum for dei andre ormane og hadde makt over dei. Den som åt eit stykke av kvitormen, eller drakk av vatnet han var kokt i, ville få stor visdom og forstand. Vedkommande kunne også forstå fuglespråk og dyreskrik – og dessutan forutsjå det som kom til å henda.

 

Desse førestillingane om kvitormen sin visdom, går kan henda attende til Bibelen sin karakteristikk av ormen som den listigaste av alle dyr.

 

Side-alternativer