Skjortereino
Muren er kalla Skjortereino, fordi ingen kunne gå nærmare kyrkja i berre skjorta. Her stogga folk og pynta seg. Dei bytte sko og klede, for dei måtte spara på kyrkjekleda, og mange hadde lang veg.
Så opp til denne muren kunne dei gå i skjorta, men vidare bortover mot kyrkja, måtte alle ha jakke på.
Ein kveld var Peder Skjerping ute for ei stygg hending her på Skjortereino. Han vart teken av nokon usynlege og kasta så høgt i lukta at han såg naglane i selsdøra oppe på Tod`ne (vårstølen til Vinjarane)
Då han kom ned att, skamslo han hofta si slik at han vart helselaus sidan. Dette hende nokon år før han døde i 1801 Folk tenkte sitt, kanskje var det ei straff fordi han dreiv med så mangt. Peder kunne meir enn andre og i tillegg var han synsk.
Kjelde: Knut Bjørgaas Or gommol ti IV

