Likhaugen (Likkhaugen)
Likfylgjet kom oppover bakkane her. På toppen stogga dei og stillte seg opp, slik at alle i fylgjet kunne gjera seg klare og komma samtidig. Haugen kunne sjåast frå kyrkjetårnet slik at dei visste når dei kunne ta til å ringja med klokkene.
Peder Pedersen Skjerping var den fyrste gjestgjevaren på Vinje. Det går mange historiar om han. Har var gift med Sofie Katrina Blomberg, og dei dreiv også gard på Vinje.
Peder var slik ein reva-veiar. Han hadde si eiga revehytte under Likhaugen, og derifrå skaut han enormt med rev. Folk påstod at han brukte trolldom, dei påstod også at han brukte mannafeita til åte (etl) Ei natt skaut han 9 revar, og den siste var ein kvitrev. Men sjølv då gav han seg ikkje. Då kom det ein stor svart kar bortpå åtet. Han bar på ein stor svart sekk, og denne løyste han opp og tok til å rista. Han riste rev utor sekkjen, så det truste kringom alle stader. Kvar han Peder såg – så var det så det krydde med rev. Peder la på sprang og revane etter og ville ta han. Han var glad at han klarde å komma seg heim.
Men den natta daua bjøllekyra hans.
Kjelde: Knut Bjørgaas Or gommol ti III og IV

