Kyrkjegarden
Den eldste kyrkjegarden i Vinje sokn låg ved den gamle kyrkja på øvre Vinje. Nokon trur at ”vegvesenet” i 1780 åra la ny veg tvers over kyrkjegarden.
Den gamle hovudvegen frå Vinje gjekk tidlegare opp mot Finne og utanom kyrkja.. Kyrkjegarden vart då flytt nedover, for ingen ville opprinneleg ha lagt ein kyrkjegard slik. Ein ser også kor fin den gamle muren er og kor dårleg og ”vandalaus” han vert nedover i skråninga.
Då gauken var kyrkjeklokka
Brita, ei jente frå Oppheimsvangen, var tenestejente her på Vinje. Ho var dotter til Store Johans og Ågot. Ågot var odelsjente i Øyjoren. Dei fekk ein stor barneflokk, men han Johans var ingen arbeidskar. Han var helst ein drøymar; han likte å spela fele og leika med ungane. Og ungane samla seg kring han kvar han for. Om vinteren heldt dei seg mest inne, men når våren kom, heldt dei til bortpå ein bakke. Der hadde ungane leikeplassen sin, og der var han Johans ofte å sjå. Der sat han og spelte dei finaste slåttane sine. Det gjekk dårleg med gardsdrifta, husa var til nedfalls, og det enda med at han bytte gard med ein frå Helgeland i Myrkdalen.
I 1857 vart Brita skulda for tjuveri på Vinje. Ho gjorde ho seg svært vondt av denne skuldinga, og det enda med at ho bykste på elva. Dei fann henne att i ein hyl litt lenger nede.
Brita vart gravlagt rett innafor kyrkjemuren. Dei fekk ikkje gå inn gjennom kyrkjegardsporten med henne, dei måtte kliva over muren med kista.. Det skulle heller ikkje ringjast med klokker og ikkje skulle det syngjast. (Tidlegare vart dei som hadde gjort ende på seg sjølve, gravlagde utafor kyrkjegarden.)
Då dei hadde sett kista ned i grava, hende noko merkeleg. Det kom ein gauk og sette seg i ein hegg på nedsida av kyrkjegarden, og gauken tok til å gala. Dette var om våren, den fyrste juni, og heggen stod i bløming så kvit og vakker. Gauken gol heile tida – i eitt – heilt til dei hadde kasta på grava, då flaug han. Dette var den merkelegaste likferda folk kunne minnast, og dei tok det som eit teikn på at jenta var uskuldig.
Kjelde: Knut Bjørgaas: Or gommol tid nr. 1 og nr. 3

