Korstufta , Korsbakkjen og Korshedlaren
Det kan ha stått ei gammal kyrkje her, men mange meiner likevel at her berre har stått eit kor.
Då dei bygde stavkyrkje på Vinje, truleg i 11 – 1200 åra, vart kan henda kyrkja som stod her, sett opp att som kor i den nye ( den gamle kyrkja på Løn vart også nytta som kor då dei bygde stavkyrkje på Oppheim). Desse namna kan også tyda på at her i førkristen tid har vore ein gamal kultstad. Korshedlaren heng så mykje utover at han er mest som eit tak. Lenger oppe ligg Helgaberget, ein annan heilagstad. I mange hundre år har slekta verna om denne tufta – noko som er eineståande på ein gard.
Kjelde: Knut Bjørgaas Or gommol ti III
Arne Berg: Norske Gardstun

