Tuft etter gjestgjevarstova
Gjestgjevarstova var eit hus med stove, kjøkken og to sidekammers. Det var loft oppå og kjellar under. Kjellartrappa gjekk ned frå kjøkkenet, men det var dør inn til kjellaren utanfrå også.
Inn kjellardøra trenge det seg stundom store folkestimar som ville kjøpa seg øl. Det vart ofte leik og levend, særleg på preikesundagane om sommaren og fyrste joledag. Vår og sommar kom mange vossingar og sogningar som ville byta eller kjøpa hestar. Så vart dei sitjande og drikka langt utover sundagsnettene. Stundom vart det slagsmål også – ”det var mange som la att helsa si på Vinje då.” Mennene på Vinje hadde fullt arbeid med å sjå etter hestane. For rett som det var, sleit dei seg og for i åker og eng.
Fram til 1855 selde dei brennevin òg – både paila og halvpaila. Brennevinet stod i eit skåp på kjøkkenet, og når nokon skulle ha, gjekk dei ut på kjøkkenet og målte opp i pailane. Seinare serverte dei berre øl og vin.
Kjelde: Knut Bjørgaas Or gommol ti IV

