Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Geologi, flora og fauna

Kvart eit steg tek deg til ei ny oppleving i naturen. Ver oppmerksam og nyt turen. ”Den sanne oppdagar finn ikkje nytt land. Han oppdagar nye sider av landet” Marcel Proust (1871 – 1922)

Geologi, flora og fauna

Flora. Foto: Brita Tveite

Geologi

Fylitt  er den vanlegaste bergarten i dette området. Arten forvitrar lett og gjev grunnlag for rik flora. Fylitten er gråsvart , skifrig, har folder og ljose årer av kvarts. I den austlege delen av området kan ein finna mangeritt (Oppheim)

Flora

Bjørk, gråor, hegg, osp, rogn og selje er dei vanlegaste lauvtreslaga. Desse er nøysame og kan veksa på næringsfattig jord. På rikare jord finn ein edellauvtrea alm og hassel. Ask er sjeldnare og veks berre på Vinjatun. Planta gran er dominerande når det gjeld bartre. I den austlege delen veks mykje furu.

Blomar i området:

-         på eng: engkall, harerug, kvitmaure, prestekrage og raudknapp.

-         på gjødsla mark: bringebær, hundekjeks, mjødurt og stornesle.

-         på lysopne berg: stemorsblom, småsmelle, olavsskjegg, tiriltunge, sølvmure, bitterbergknapp og småbergknapp.

-         på næringsfattig jord: blåbær, tyttebærblokkebær, røsslyng, skogstjerne, maiblom, skrubb-bær, fugletegl og hengeving.

-         å myrkant: flaskestarr, slåttestarr, molte, myrhatt, myrfiol og bekkeblom.

 

Fauna

Er du heldig, kan du sjå både hare, rev og hjort etter kongevegen. Den vanlegaste fuglearten er Lauvsangaren som om sommaren kan høyast i heile området. Om våren kan ein òg høyra og sjå fleire spetteartar, der grønspetten er den vanlegaste. Av andre artar i området kan ein nemna rugde, nøtteskrike og hønsehauk.

 

Kjelde: Voss kommune

 

Side-alternativer