Gamlekyrkja på Vinje
Den steinsette tufta på kyrkjegarden viser kvar kyrkja stod. Ho vart bygt i 1671 med Ole Botolvsen Sundve som byggmeistar. Sundve var i tillegg ein svært flink smed.
Gamlekyrkja vart riven, men ein del av kyrkjetømmeret er teke vare på. Nokon drøymer om ein gong i framtida å byggja opp att gamlekyrkja. Foto: Ivar Husdal
”Nära byn Vinje finnes en egendomlig, två hundrad år gamall träkyrka. Taket är hväfdt samt prydt med stjernor, och väggarna äro målade med brokiga färger. Ett jern och ett träkors voro de enda värdarna på kyrkogården. Gudstjenst hålles icke mera i detta tempel”
Frå: ”Midnatsolens land” av Paul du Chaillus. Den fransk-amerikanske turisten rapporterer frå reise i 1872.
Eckhoff var militær teiknar, alle detaljar måtte vera rette. Steinen framfor kyrkja ligg der enno. Kyrkja vart teikna 29. juli 1826. M. W. Eckhoff og J. C. Dahl var på gjennomreise til Sogn denne dagen. Då dei stogga på Vinje, leitte Dahl etter eit bjørketre han ville teikna . Bjørka han fann, står framleis på Vinje. Seinare samme dag gjekk dei oppover mot Stalheim. Der teikna J. C. Dahl skissa til målarstykket ”Stalheim”- som i dag heng i Nasjonalgalleriet i Oslo.
Kyrkja var tømra og hadde kledning festa med trenaglar. Alt utvendes var tjørebreidd (vegger, dører, lukene framfor glasa.) Taket hadde store rasteheller og tårnet var kledd med bord.
Då kyrkja vart riven i 1872, vart tømmeret innbygt i kommunehuset på Vinje og inventaret selt på auksjon.
Kjelde: Knut Bjørgås Or gommol tid V

