Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Fylkesgrensa mellom Sogn og Hordaland fram til 1769

Fylkesgrensa som frå gamalt delte Vossestrand i Sygnastrond og Vossastrond, gjekk her som vegen til Bidne går no. Ei gro gjennom Bidnestunet delte gardane; dei som budde på austsida høyrde til Sogn, og dei med hus vest for groa høyrde til Hordaland.

Fylkesgrensa mellom Sogn og Hordaland fram til 1769

Gamle fylkesgrensa gjekk her. Foto: Brita Tveite

Men strendingane følte seg også då  som eit folk. Dei hadde m.a. to kyrkjer i ein avstand på 3 kilometer; ei på Vinje og ei på Oppheim, og alle skulle ha fast plass i begge kyrkjene, for dei ville ikkje ha noko skilje. Ingen annan stad på Vestlandet stod kyrkjene så tett.

 

Når det var konfirmasjon, forsto ikkje prestane kvifor ein ikkje kunne ha ein sundag for Vinjesokna og ein for Oppheimsokna – for kyrkjene vart likevel fulle. Men nei, det gjekk ikkje strendingane med på.

 

I 1793 kom kappelan Petter Hount til Vinje, og dette året var det 47 konfirmantar i den vesle Vinjekyrkja med 170 sitjeplassar og 29 ståplassar. Kappelanen sa rett ut at dette gjekk ikkje lenger, no måtte strendingane ta til vit og gå inn for to konfirmasjonssundagar. Han  trumfa dette gjennom i 1795, men det vart berre det eine året, for det vart folkeopprør. Strendingane kom med eit statleg dokument frå 1702 som m.a. var underskrive av presten Wendrich på Voss og godkjent av biskopen,  og her stod det klart at strendingane hadde rett til plass i begge kyrkjer. Kappelan Hunt måtte gje seg, og  ingen prest har seinare klart å få til to konfirmasjonssundagar på Vossestrand.

Kjelder: Vossabygdene nr XXVII, Oppheim og Vinje kyrkjer 100 år

Side-alternativer