Søk etter løype:





 

Christiania postveg Vinje-Oppheim

I 1647 kom det kongeleg påbod om offentleg postordning i Noreg. Postvegen mellom Oslo og Bergen gjekk gjennom Valdres over Filefjell til Lærdal, Gudvangen, Voss og vidare til Bergen. Vegen er stort sett inntakt, og som turgåar passerer du fleire attraksjonar.
Løypeinformasjon
1 - 2 timar
Til fots
4
Hardanger og Voss museum, Voss Folkemuseum, Vossestrand sogelag
Hordaland
Voss

Til vanleg skulle det vera om lag ei mil mellom kvar postgard med byte av hestar. Stalheim var postgard frå 1647. I Vinjatunet var det skysstasjon og postgard frå 1757. Bøndene som budde på desse gardane, hadde ansvar for postskyssen. Postbøndene hadde ein eller to postdrenger som etter sju års teneste kunne sleppa fri frå militæret. Posten skulle førast fram med ei mil i timen, og føringa måtte gå både dag og natt, for postskreppa skulle aldri vera i ro! Den fyrste tida var det så lite post at skreppa kunne berast på ryggen. Kring 1780 vart vegen frå Vinje til Oppheim ombygd etter fastsett vegstandard med breidde på 3,7 meter. Postvegen, som i daglegtale vart kalla Kongevegen, var i bruk som postveg fram til 1884. Då kom det ny veg langs elva i Vinjadalen, der E 16 går no. Frå 1909 då Bergensbana kom i drift, gjekk posten med jernbane. Vegen er stort sett inntakt, og som turgåar passerer du fleire attraksjonar.

Korleis du kjem fram

Frå Vinje til Oppheim går Christiania postveg, eller Kongevegen, oppe i lia på nordsida av dagens E16, som no er hovudvegen mellom Bergen og Oslo. Frå Voss er det 19 kilometer til Vinje. Vidare austover til Gudvangen er det 26 kilometer.

Kjem du i bil til Vinje, må du fyrst parkera, t.d. ved Sambygg eller utafor kyrkja. Gå til Vinje turisthotell og fylg vegen bak hotellet, forbi eit fjøs og til vegkrysset der skiltet ”Kongevegen” står. Då er det berre å fylgja vegen oppover, forbi ”Malinahuset”, ”Synvalarshuset” og vidare oppover til tunet på gamle Vinje. Dersom det høver betre, kan du sjølvsagt starta frå Oppheim. God tur!

Kulturminner

Utsyn frå Vinje

Utsyn frå Vinje

Frå Vinje ser ein austover mot Oppheim og vestover mot Holbygda i retning Vossevangen. Gjev du deg litt tid, kan du sjå for deg korleis jorda vart driven og hesteskyssane gjekk for fleire hundre år sidan.

Les mer...

Likhaugen (Likkhaugen)

Likhaugen (Likkhaugen)

Likfylgjet kom oppover bakkane her. På toppen stogga dei og stillte seg opp, slik at alle i fylgjet kunne gjera seg klare og komma samtidig. Haugen kunne sjåast frå kyrkjetårnet slik at dei visste når dei kunne ta til å ringja med klokkene.

Les mer...

Skjortereino

Skjortereino

Muren er kalla Skjortereino, fordi ingen kunne gå nærmare kyrkja i berre skjorta. Her stogga folk og pynta seg. Dei bytte sko og klede, for dei måtte spara på kyrkjekleda, og mange hadde lang veg.

Les mer...

Kjedlarebrunn

Kjedlarebrunn

Dette var brunnen under gjestgjevarstova. Nokon trudde at vatnet i denne brunnen var lækjande, det skulle vera veldig godt mot eksem og utslett. På mange gardar hadde dei overbygde brunnar, kjedlarebrunnar, slik at dei slapp å gå ut om vinteren å henta vatn.

Les mer...

Tuft etter gjestgjevarstova

Tuft etter gjestgjevarstova

Gjestgjevarstova var eit hus med stove, kjøkken og to sidekammers. Det var loft oppå og kjellar under. Kjellartrappa gjekk ned frå kjøkkenet, men det var dør inn til kjellaren utanfrå også.

Les mer...

Katlabua.

Katlabua.

Katla vart døypt i Oppheim kyrkje i 1747. Mora kom frå den store Vinjeslekta på Øvre Vinje. Så selde foreldra garden på Oppheim og flytte til Giljebakken (i 1855). Samstundes flytte truleg Katla hit til Vinje for å stella om bestemor si. Sidan budde ho i bua, i dette vesle huset, og arbeidde i mange år som tenestejente.

Les mer...

Tuft etter Preststovo

Tuft etter Preststovo

Øverst og lengst vest låg Preststovo. Kyrkjesoknet var truleg eigar av huset, men det er usikkert kven som eigde grunnen.

Les mer...

Korstufta , Korsbakkjen og Korshedlaren

Korstufta , Korsbakkjen og Korshedlaren

Det kan ha stått ei gammal kyrkje her, men mange meiner likevel at her berre har stått eit kor.

Les mer...

Kårestova

Kårestova

Når garden skifte eigar, måtte den som overtok garden, svara kår til seljaren. Kåret var ei avgift i naturalia t.d. korn, mjølk, kjøt og andre varer frå garden, og fritt husrom.

Les mer...

Vinjatunet

Vinjatunet

Gardane på Vinje er mellom dei eldste på Vossestrand, og frå gamalt låg tunet slik som no - høgt oppe i den gamle innmarka. Åkerjora avgjorde truleg tunstaden.

Les mer...

Kyrkjegarden

Kyrkjegarden

Den eldste kyrkjegarden i Vinje sokn låg ved den gamle kyrkja på øvre Vinje. Nokon trur at ”vegvesenet” i 1780 åra la ny veg tvers over kyrkjegarden.

Les mer...

Gamlekyrkja på Vinje

Gamlekyrkja på Vinje

Den steinsette tufta på kyrkjegarden viser kvar kyrkja stod. Ho vart bygt i 1671 med Ole Botolvsen Sundve som byggmeistar. Sundve var i tillegg ein svært flink smed.

Les mer...

Stavalsbrekko

Stavalsbrekko

Ordet al kan m.a. tyda kjerneved av furu, å fø fram, ala opp, dyrka …. Kan henda har her vore lett å finna gode stavemne. Ein engelskmann ville ein gong finna seg ein stav her, og då låg det ein kvitorm under trerota. Kanskje dette kan vera bakgrunn for namnet Stavalsbrekko?

Les mer...

Klopp – steinhellebru

Klopp – steinhellebru

Ei klopp er ei lita bru med murte brukar på kvar side av elva/groa og med ei stor steinhelle over (kan også vera av tre)

Les mer...

Svednæ

Svednæ

Her var det svaberg og heilt uframkommeleg før ny veg vart laga i 1780 åra, men det vart eit isete og stygt vegstykke. Lenger nede skal det vera nokon store jettegryter frå siste istid, uthola av smeltevatn med stein og grus. ”Gygrahol” vert dei kalla på folkemunne, dette fortel at opphavet til slike naturfenomen har vore vanskelege å forstå for folk flest.

Les mer...

Jakobskyrkja (ein avstikkar frå kongevegen – sjå kart)

Jakobskyrkja (ein avstikkar frå kongevegen – sjå kart)

Etter ein fottur på ca. 45 minutt frå garden Finne på Oppheim, finn ein ei spesiell hole i fjellet som har fått namnet ”Jakobskyrkja”.

Les mer...

Fylkesgrensa mellom Sogn og Hordaland fram til 1769

Fylkesgrensa mellom Sogn og Hordaland fram til 1769

Fylkesgrensa som frå gamalt delte Vossestrand i Sygnastrond og Vossastrond, gjekk her som vegen til Bidne går no. Ei gro gjennom Bidnestunet delte gardane; dei som budde på austsida høyrde til Sogn, og dei med hus vest for groa høyrde til Hordaland.

Les mer...

Vassmyraleite

Vassmyraleite

Dette er det høgste punktet på vegen, og frå gamalt har det vore stor og god furuskog oppå åsen her. Men myrkt og skummelt har det nok vore, og folk fortel om merkelege opplevingar i dette område.

Les mer...

Sundsvålelva

Sundsvålelva

Vatnet kjem frå Oppheimsdalen og renn ut i Oppheimsvatnet. Det ligg fem jettegryter på rad oppover i elva, dei skriv seg frå siste istid.

Les mer...

Sundsvålsbrua - steinkvelvbru frå ca. 1830

Sundsvålsbrua - steinkvelvbru frå ca. 1830

Murte kvelv- og bogekonstruksjonar kjenner ein lite til frå dei gamle kulturane i Egypt og Midtausten. Det var romarane som for alvor tok i bruk og utvikla teknikken til eit ekstremt høgt nivå.

Les mer...

Oppheimsbrua – steinkvelvbru frå ca. 1830

Oppheimsbrua – steinkvelvbru frå ca. 1830

Brua vert i dag sterkt belasta av tungtrafikk, då all trafikk til Oppheimsdalen går forbi her. Vegen er frå 1740 åra. Elva renn forbi Raunelida på Oppheimsdalen. Der vart det bygt eit lite privat likestraumsverk. Det var Hallstein Rauneli som bygde kraftverket.

Les mer...

Oppheim gamle kyrkjegard

Oppheim gamle kyrkjegard

Dette er den eldste og fyrst innvigde kyrkjegarden i Oppheim sokn som ein veit om. Kyrkjegarden vart truleg teken i bruk då dei bygde den fyrste kyrkja her. Kyrkjegarden, som i dag er freda, var i bruk til 1875. Då vart også den gamle kyrkja riven og tømmeret brukt til kyrkjestove på Oppheim.

Les mer...

Oppheim gamle prestegard

Oppheim gamle prestegard

Ruslar du opp vegen frå Oppheim kyrkje og forbi den gamle kyrkjegarden, kjem du til eit tun med spor etter byggeskikk og bustadform frå middelalderen.

Les mer...

Geologi, flora og fauna

Geologi, flora og fauna

Kvart eit steg tek deg til ei ny oppleving i naturen. Ver oppmerksam og nyt turen. ”Den sanne oppdagar finn ikkje nytt land. Han oppdagar nye sider av landet” Marcel Proust (1871 – 1922)

Les mer...

Side-alternativer