Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Snartemo Bautapark med Snartemosverdet

Sverdet er ein forstørra kopi av Snartemosverdet, som blei funne i 1933. Det skal vera eit av dei finaste funn i Noreg frå folkevandringstida, ca. 550 e. Kr.

Snartemo Bautapark med Snartemosverdet

Snartemosverdet

Originalen ligg i Oldsaksamlinga i Oslo. Handtaket har plater av gullblikk, og har ei rik ornamentering med stiliserte figurar som ein ikkje lenger kjenner til kva tyder. Det har ein ring festa til hjaltet, og er truleg eit seremonisverd. Sverdet må ha tilhøyrd ein stormann.

Ein mann låg gravlagt på bjørneskinn i ei grav som var skore ned i auren, og med ei stor steinhelle over. Grava var uvanleg rikt utstyrt med våpen og anna utstyr. Ein del tekstilar hadde halde seg så godt at ein kunne finna fram til fargebruk og veveteknikk. I bygningen i Bautaparken finn ein bilde frå funnet.

Snartemo Bautapark vart opna i 1997. Året etter var dronning Sonja og kong Harald V på besøk her. I samband med besøket vart det planta eit tre. I år 2000 var fylkesmann Ann Kristin Olsen i Bautaparken og planta eit tusenårstre for Vest-Agder fylke.

Dag Telhaug har utforma teikningane til monumentet og bygget.

Side-alternativer