Deiknen og hunden ved Grotjønn
Det er et sagn om et prestefølge som frøs ihjel på vei til messe i Hægebostad. Veien var vintervei for prestene som skulle over heia.
«Et prestefølgje køyrde med hest og slede på is- og snøføre frå Kvinesdal til Hægebostad kyrkje. Frå Løskaret og langt innover er store myrer og vatn, og ingen livd for vinden. Det måtte vera mykje snø å stampa i, for då dei kom et stykkje, kasta presten av ein laks. Lenger aust måtte dei gå frå karmsleden, og ved Stora Hestvatnet staup hesten. Segna seier at deiknen (klokkaren) og hunden som var med i prestefølgjet, omkom ved Grotjødn. I Prestliskaret omkom presten, og her står ein steinkross. Prestfrua rakk lengst, men tok feil av leia. Ho omkom ved Frua.»
(Ånen Årli: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal.)
Ved Grotjødn er reist ein minnevarde over deiknen og hunden.

