Søk etter løype:





 

Ålmannvegen frå Lislestog til Byklestøylane.

Red Marker Ålmannvegen frå Lislestog til Byklestøylane.
Gå ein tur på den eldste ferdavegen gjennom Bykle. Ålmannvegen vart truleg nytta i mellomalderen og heilt opp til slutten av 1800-tallet.
61.7096648593 9.5361328125
  • Kultur
Gå ein tur på den eldste ferdavegen gjennom Bykle. Ålmannvegen vart truleg nytta i mellomalderen og heilt opp til slutten av 1800-tallet.
Løypeinformasjon
2,5 timer
Til fots
7 km
Kultur og Fritid
Aust-Agder
Bykle

Ålmannvegen går frå Bykle til Breive, men er i dag rydda mellom Lislestog og Byklestøylane. Vegen går gjennom vakker natur, kor ein må passere fleire små bruar og bekkjer.

Langs vegen finn du skilter som viser stadnamn.

Lyklesteinane: Segna fortel at Byklarane gøymde husnøklane atmed steinane når dei for til støylane.

Gullkistilmyri : Segna fortel om ein tjuv som gøymde ei kiste med gull i myra då han vart forfylgd.

Vråstøyl : Tuft og voll etter gamal støy

Ljosbekk: Bekken har sers klart og godt vatn.

Hagabuleitet: Ålmannvegen går atmed ei gamal utløe."Leitet" betyr å sjå etter, ein kan sjå til Byklestøylene og oppover Otra frå denne staden.

Kvernhus: Eit nydeleg kvernhus ligg her, kverna var i bruk heilt opp til 50-talet.

Byklestøylane:Byklestøylane også kalt Bygdestøylane, var støylane til gårdane i Bykle. Her var dei heile sommaren med dyra sine.

Side-alternativer