Stord: Fylkesantikvar gjer dette til ein farse
Avisa Sunnhordland har denne lederen om forholdet mellom Fylkesantikvar og fylkespolitikere 09.09.09. Vi legger den ut i sin helhet, for den illustrere en situasjon det kan være mange fylker og kommuner kjenner seg igjen i.
Tverrskap frå fylket
FYLKESANTIKVAREN har fremja motsegn mot riving av Gamle Grand på grunn av kulturminneverdien til det gamle hotellet, der deler kan vera over 350 år gamle. Forvaltningsstyret vedtok samrøystes torsdag å ta heile Grand-kvarteret ut av reguleringsplanen for Leirvik sentrum.
UTBYGGJAR Svein Hatlevik er sjølvsagt vonbroten over vedtaket, som han meiner vil stoppa alle planane dei har for hotellet. Han håpar kommunestyret vil endra dette torsdag, slik at berre Gamle Grand blir tatt ut av reguleringsplanen.
ME AKSEPTERER at Fylkesantikvaren har som ei av sine oppgåver å verna om viktige kulturskattar. Når han no, etter omfattande sakshandsaming som har vore lagt til grunn for kommunen si innstilling om å seia ja til riving framleis held att, verkar det rett og slett om byråkratisk tverrskap. Me kan ikkje sjå at det har noko å seia for framtidig utbygging i området at det tilfeldigvis skulle finnast ein bjelke, eller ei fjøl inne i bygningen som har overlevd i 350 år. Den fjøla seier ikkje anna enn at det har vore eit bygg på tomta så lenge. Plankebiten kan like gjerne få ein plass i eit monter på museet. Det viser ikkje noko om korleis bygget i si tid har sett ut, eller kva funksjonen var.
ETTER VÅRT syn er det på høg tid at fylkespolitikarane no instruerer Fylkesantikvaren om å gå med på riving. Han på si side bør ta slik instruksjon på alvor, og ikkje streba etter å leggja ytterlegare hindringar for ei nødvending utvikling av sentrum i byen Stord. Alle lokale instansar er for riving, Fylkesantikvaren gjer dette til ein farse.

For artikkelen i Sunnhordland nett:
Forrige: Fra privat tun til Fylkeskommunalt spleiselag?